About this role
Er du ei nattugle som trivst når resten av Bømlo søv? Då kan dette vere draumejobben din! Habiliteringstenesta i Bømlo kommune har ledig ei fast 80 % stilling som miljøarbeidar på natt ved Haugen/Askebærhaugen. Me ser etter ein fagleg trygg og engasjert miljøarbeidar. Du er oppteken av meistring, utvikling og sjølvbestemming, og ønskjer å bidra til trygge rammer i tenestemottakarane sin eigen heim.Habilitering gir tilbod til personar med utviklingshemming og omfattande behov. Me har for tida omlag 128 årsverk som yt heildøgns tenester i 10 burettslag og dagtilbod. Hos oss blir du del av eit engasjert team som jobbar for å skape gode liv og tenester gjennom tryggleik, omsorg og fagleg kvalitet.Stillinga inngår i ei årsturnusordning. Turnusen følgjer i hovudsak eit mønster med fire nattevakter, sju dagar fri og deretter tre nattevakter. Årsturnus inneber at arbeidsmengda kan variere gjennom året, og at det i enkelte periodar kan vere fleire vakter enn i andre.Oppstart etter avtale.