Now hiring

Seksjonsleiar @ Helse Møre og Romsdal HF

Ålesund, Møre og Romsdal, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Seksjonsleiaren for kirurgisk poliklinikk skal ut i svangerskapspermisjon. Vi søkjer derfor etter ein engasjert og fagleg sterk seksjonsleiar til Kirurgisk poliklinikk ved Ålesund sjukehus. Seksjonen er ein del av Kirurgisk avdeling og tek imot planlagde pasientar til spesialisert utredning, behandling og kontrollar av ulike tilstandar, sjukdommar og skader innanfor fagfelta gastrokirurgi, generell kirurgi, karkirurgi, ortopedi og urologi. Vi tek også imot akutte skadar ved vår skadepoliklinikk, som er tilvist frå fastlege eller legevakt.

Preoperativ poliklinikk, der ein klargjer pasientar for operasjon, er også ein del av seksjonen. I seksjonen møter du eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort fokus på pasienttryggleik og kvalitet. Seksjonen består i dag av 13 tilsette fordelt på sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, uroterapeutar og stomisjukepleiarar. Som seksjonsleiar vil du vere ein del av leiargruppa i kirurgisk avdeling og rapporterar til avdelingssjef. Leiargruppa består av 10 seksjonsleiarar.

Vi forventar at seksjonsleiar vil bidra til god samhandling for best mogleg kvalitet og ressursutnytting i avdelinga. Det er ei løysningsorientert og handlekraftig leiargruppe i kirurgisk avdeling, og det forventast at seksjonsleiarane ser moglegheiter og tenker forbetring i kvardagen til det beste for pasientane våre.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores