About this role
Er du vår nye kollega? Me søkjer etter helsefagarbeidar i 80 % og 100 % vikariat i Kvam heimetenesteSom helsefagarbeidar hos oss vil du gje fagleg oppfølging og pleie til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustadStillingane er ledige frå januar 2027 og for tida i turnus med arbeidshelg kvar 3. helgKvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones, deriblandt arbeid på Pensjonisten i Ålvik. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelparar jobbar tett saman i team. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg.