Now hiring

Miljøterapeut @ Kvam herad

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du sjukepleiar eller vernepleiar og ønskjer ein meiningsfull jobb der du bidreg til tryggleik, meistring og livskvalitet for andre? Me søkjer ein engasjert og trygg miljøterapeut til 80 % fast stilling i nyoppretta avdeling i rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten i Øystese. Avdelinga har ei arbeidstidsordning som inkluderer langvakter. Det er ønskjeleg at søkjar er positiv til langvakter, men deltaking i langvaktordninga er frivilligMe tilbyr heildøgns omsorg til ni personar med psykiske lidingar som ikkje kan bu i eigen heim.

Målet er å skapa eit trygt, stabilt og inkluderande bumiljø. Som miljøterapeut vil du bidra til å skapa struktur og tryggleik i kvardagen til bebuarane. Du vil følgja opp og støtta i daglege gjeremål, leggja til rette for sosial deltaking og vera ein viktig medspelar i arbeidet med å fremja meistring og sjølvstende. Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å vera med på etableringa og vidareutviklinga av eit nytt tilbod innan psykisk helsearbeid.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores