About this role
Søk jobb som helsefagarbeidar i Strandebarm omsorg!80 % fast stilling Stillinga er ledig frå 1. desember 2026, tiltreding etter avtale Stillinga er i årsturnus, for tida med arbeid på dag og kveld samt arbeid 3.kvar helgStrandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me held til i nytt omsorgssenter i Strandebarm. Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen.