Now hiring

Leiar for Kvam legevakt @ Kvam herad

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Leiar for Kvam legevakt er ei unik leiarstilling for deg som ønskjer å kombinera strategisk leiing, fagutvikling og akuttmedisinsk kompetanse, samstundes som du deltek aktivt i klinisk arbeid som sjukepleiar. Legevakta i Kvam vert bemanna av fastlegane i kommunen frå kl. 15.30 – 23.00 på kvardagar og 08.00-23.00 i helgar og på høgtidsdagar. Frå 23.00-08.00 (08.30 kvardagar) overtek Voss interkommunale legevakt ansvaret for legevaktsentralen, medan lokal lege fungerar som bakvakt ved akutte hendingar i Kvam. Legevakta er bemanna med 6 sjukepleiarar i 31,4 % stillingar.

Desse arbeidar turnus med vakter kveld og helg. Me søkjer deg som er tydeleg, trygg og endringsorientert, og som vil bidra til god og effektiv drift, sikra høg fagleg kvalitet på tenestene, skapa eit godt arbeidsmiljø og utvikla medarbeidarane og tenestene vidare. Som leiar har ein det overordna ansvaret for administrativ og operativ drift av legevakta, fagleg kvalitet i lag med medisinsk rådgjevar, økonomi, personalansvar for sjukepleiarane, og handtering av legevaktsentalen på dagtid. Stillinga inneber òg tett samarbeid med andre avdelingar innan helse og omsorg, ambulansetenesta, fastlegane og andre akuttmedisinske aktørar.

Stillinga er ledig frå november 2026 og er kombinert med både administrative oppgåver og drift/kliniske sjukepleiaroppgåver. Leiar bemannar legevaktsentralen dagtid i vekedagene og legekontora driftar daglegevakta. Stillinga er i 100 %, og rapporterar til leiar for legetenesta. Arbeidstida er frå 08.30-16.00. Då arbeid på legevakt krev særskild opplæring, må leiar ved ekstraordinære situasjonar òg kunna arbeida kveld og helg.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores