Now hiring

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar @ Helse Møre og Romsdal HF

Ålesund, Møre og Romsdal, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du ha ein arbeidskvardag med faglege utfordringar, variasjon og moglegheit til å gjere ein forskjell – kvar einaste dag? Akuttmottaket ved Ålesund sjukehus søkjer to engasjerte spesialsjukepleiarar/sjukepleiarar til to faste stillingar. Ved intern tilsetting kan andre stillingar (vikariat) bli ledige. Hos oss får du ein spennande og innhaldsrik arbeidskvardag i eit aktivt fagmiljø, der ingen dagar er like, og der kompetansen din verkeleg kjem til nytte! Vi tek imot alle pasientar som treng augeblikkeleg hjelp, både barn og vaksne, med eit breitt spekter av akutte og uavklarte tilstandar.

Pasientane kjem med problemstillingar innan fagområda medisin, kirurgi, ortopedi, hematologi og onkologi. I delar av døgnet har vi også funksjon som augeblikkeleg hjelp skadepoliklinikk. Dette gir ei unik fagleg breidde og ein arbeidskvardag som stiller krav til både klinisk blikk, sjølvstende, fleksibilitet og evne til å handtere ulike situasjonar. Akuttmottak er ei beredskapsavdeling med høg kompetanse innan mottak av kritisk dårlige TEAM pasienter. Vi tek imot TRAUME-, MET-, barn-, slag- og hjertestansteam.

Akuttmottaket er ein sentral del av sjukehuset og ofte pasientane sitt fyrste møte med spesialisthelsetenesta. Vi jobbar i eit miljø med høgt tempo, varierte arbeidsoppgåver og tett tverrfagleg samarbeid. Her får du moglegheit til å bruke og vidareutvikle kompetansen din, gjere sjølvstendige kliniske vurderingar og bidra til at pasientane får rask, trygg og god behandling når dei treng det som mest.Vi er opptekne av fagleg utvikling, kunnskapsdeling og eit godt arbeidsmiljø. Hos oss blir du ein del av eit engasjert team med dyktige kollegaer som støttar kvarandre, deler kunnskap og jobbar saman for å gi pasientane best mogleg behandling. Ønskjer du ein arbeidskvardag der du får faglege utfordringar, utviklar deg som sjukepleiar og er ein viktig del av eit lag som gjer ein forskjell? Då håpar vi du søkjer hos oss!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores