About this role
Er du ein positiv, engasjert og fagleg nysgjerrig sjukepleiar? Då kan du vere den vi leitar etter!
Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar til kirurgisk sengepost ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar, og moglegheita til å arbeide med kirurgiske barn i eit mellombels behandlingstilbod ved seksjonen. Kirurgisk sengepost ved SNR Hjelset består av både akutt og elektiv verksemd. Vi tek imot augeblikkeleg hjelp-pasientar innan ortopedi, urologi og øyre-nase-hals, i tillegg til kirurgiske augeblikkeleg hjelp-barn.
Sengeposten har nyleg fått ansvar for eit mellombels tilbod til kirurgiske barn, noko som gir medarbeidarane høve til å opparbeide seg erfaring og kompetanse innan behandling og oppfølging av denne pasientgruppa. I tillegg har vi ei eiga 5-døgns elektiv sengepost som behandlar pasientar innan ortopedi, urologi, øyre-nase-hals, gastro, gynekologi og plastikkirurgi. Hos oss får du arbeide i eit breitt kirurgisk fagmiljø med stor variasjon i pasientforløp, tett tverrfagleg samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Tilsetjing snarast eller etter avtale. Tilsetjing kan skje fortløpande. Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle gode og berekraftige turnusordningar, og det er moglegheit for langvakter. Dersom du ønskjer redusert stillingsstorleik, ber vi om at dette blir oppgjeve i søknaden. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingsstorleikar bli ledige.