About this role
I Sunnylven distrikt er det 23 omsorgsbustadar og i Geiranger distrikt er det 9 omsorgsbustadar. Det blir gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til bebuarane på omsorgsbustadane, i tillegg til eit varierande antal heimebuande.
Vil du vere med å styrkje fagkompetansen og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene?
Vi har ledig nyoppretta 100% fast stilling som fagsjukepleiar frå 01.03.2027Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar som ønskjer å bidra til kvalitetsutvikling, kompetanseheving og kunnskapsbasert praksis i tenesta. Som fagsjukepleiar vil du vere ein viktig fagleg ressurs for medarbeidarar og avdelingsleiar. Du vil kombinere klinisk arbeid med fagutvikling, undervisning og rettleiing, og bidra til at tenesta utviklar seg i takt med framtidige behov.
Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.
Arbeidsstad vil vere i Sunnylven distrikt, men ein må pårekne å reise til Geiranger distrikt ved behov.
- Kvifor velge oss: Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitetEit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette God variasjon i oppgåver og utfordringarFokus på trivsel og arbeidsgledeMoglegheit for utvikling og fagleg påverknadFokus på kompetanseheving og oppgåvedelingMuligheit for vidareutdanning med støtteVed rekrutteringsutfordringar vil det bli vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige (helt eller delvis) for ein tidsavgrensa periodeBruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltakGod fastlønGode pensjons- og forsikringsordningar