About this role
Vil du arbeide innanfor lønsområdet i ei kommune der du får varierte oppgåver, stor påverknad på eigen arbeidskvardag og eit nært samarbeid med kollegaer? Frå 1. januar 2027 har vi ledig 60% fast stilling som konsulent innan lønnsområdet. Stillinga er ein del av kommunedirektøren sin stab innan fagområdet lønn. Vi kombinerer den faste stillinga med eit vikariat på Servicekontoret i 40%, slik at stillinga totalt sett er 100% ut 2027, med moglegheit for forlenging av vikariatdelen. For rett kandidat kan det på sikt vere moglegheit for avansement til stilling som fagleiar på lønsområdet.
Kvifor velje Stranda? Makspris på barnehageplass er sett til kr. 700 kroner per måned. Bur du i kommunen og er i arbeid, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år.Eit variert næringsliv med høg sysselsetting gir gode moglegheiter også for partnar eller familie. Gode barnehage- og skuletilbod, inkludert to vidaregåande skular. Det største skisenteret på Nordvestlandet, flotte turmoglegheiter sommar og vinter, regionalt kulturhus og eit aktivt idretts- og foreiningsliv.
- Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
- Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
- Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarliste.
- Søkjar vert varsla om dette vert gjort.
- Jf. offentleglova § 25.
- Vitnemål og attestar skal scannast og leggast ved søknaden.