About this role
Vil du jobbe i eller leie anskaffingsprosjekt for den norske spesialisthelsetenesta? Sykehusinnkjøp HF har over 300 medarbeidarar over heile landet, og vi arbeider med å inngå og følgje opp avtalar om varer og tenester som blir leverte til norske sjukehus.
Dette gjer oss til ein av dei største innkjøpsorganisasjonane i landet, med eit sterkt fagmiljø innan offentlege anskaffingar.Vi søkjer rådgjevar/prosjektleiar til teamet vårt i Anskaffelser Vest innenfor Kategoriområdet Støttetjenester og administrative kjøp.
Som prosjektleiar arbeider du tett med fagspesialistar frå sjukehusa og får ei sentral rolle i planlegging og gjennomføring av anskaffingar, analyse av behov og utarbeiding av konkurransedokument.
- Vi ser derfor etter deg som er strukturert, sjølvstendig og har god evne til å leie prosessar og arbeide prosjektbasert.
- Samstundes blir du ein del av eit større team, noko som krev gode samarbeidsevner.
- Det er òg viktig at du deler av kompetansen din og trivst i ein organisasjon i endring.
Du vil møte profesjonelle kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. Hos oss får du ein viktig jobb i eit føretak med eit tydeleg samfunnsoppdrag for spesialisthelsetenesta i Noreg. Du får stort ansvar, gode utviklingsmoglegheiter og blir ein del av eit solid fagmiljø. Arbeidsstad vil vere Stavanger. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med pensjons- og forsikringsordningar, fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida. Arbeidsmiljøet er godt, og ved dei største kontorstadene har vi ein aktiv sosialkomité som arrangerer jamlege aktivitetar.
Visjonen vår er: Sjukehusinnkjøp HF leverer den beste avtalen for helseføretaka. Kvar gong! Verdigrunnlaget vårt er: KunnskapsrikNytenkjandeEngasjertProfesjonellDette skal liggje til grunn for alt vi gjer i Sykehusinnkjøp HF.På nettsidene våre kan du lese meir om korleis det er å arbeide hos oss.