Now hiring

Senior avtaleforvaltar/avtaleforvaltar @ Sykehusinnkjøp HF

Bergen, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bidra til at avtalane vi inngår gir verdi i praksis – for sjukehusa i Noreg, pasientane og samfunnet? Sjukehusinnkjøp HF er eit nasjonalt helseføretak med ansvar for å gjennomføre anskaffingar og forvalte avtalar på vegner av alle sjukehus i Noreg. Vi er kategoriorganiserte og inngår avtalar på alt frå medisinsk utstyr og legemiddel til bygg, IKT og tenester – og følgjer dei tett opp i heile avtaleperioden. Dette gjer oss til ein av Noregs største innkjøpsorganisasjonar, med eit sterkt fagmiljø innan offentlege anskaffingar, kontraktsforvaltning og leverandøroppfølging.

Til divisjonen for IKT & entreprise ønskjer vi ein kollega til teamet vårt for avtale- og leverandøroppfølging innan kategoriane IKT og entreprise. Stillinga høyrer til avdelinga som har ansvar for forvaltninga av porteføljen av kontraktar innan desse kategoriane. Som avtaleforvaltar får du ansvar for å følgje opp ein portefølje av avtalar frå implementering og gjennom avtaleperioden. Du får også ansvar for å handtere førespurnader og saksbehandling i grensesnittet mellom kundane (sjukehusa) og leverandørane. Som ein del av teamet vil du også bidra til å utvikle kategorikompetansen vår, og forbetre arbeidsprosessane, samtidig som du får gode moglegheiter for fagleg utvikling.Du blir ein del av eit solid fagmiljø i kontinuerleg utvikling, med engasjerte kollegaer, tydeleg samfunnsoppdrag og eit svært godt arbeidsmiljø.

Din kontorstad vil bli i Bergen eller Stavanger. Visjonen vår er: Sjukehusinnkjøp HF leverer den beste avtalen for helseføretaka. Kvar gong! Våre verdiar er:nytenkjandekunnskapsrikengasjertprofesjonellDette skal liggje til grunn for alt vi gjer i Sjukehusinnkjøp HF, og det er viktig at du kan identifisere deg med og jobbe etter desse verdiane.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores