About this role
Kvalifiseringssenteret for innvandrarar er ei avdeling for opplæring i norsk språk etter integreringslova og grunnskuleopplæring for vaksne etter opplæringslova, samfunnskunnskap, livsmeistring og arbeidsliv i Herøy kommune. Avdelinga er lokalisert ved gamle Bergsøy skule "Borga", og har for tida 15 tilsette. Vi har no ledig eit vikariat frå 1.1.27-30.06.27, (med moglegheit for forlenging) på 80 % som lærar for vaksne deltakarar. Kvalifiseringssenteret er organisert under sektor for kultur og oppvekst, saman med kulturavdelinga, skule, barnehage og kulturskulen.