About this role
Kvalifiseringssenteret for innvandrarar er ei avdeling for opplæring i norsk språk etter integreringslova og grunnskuleopplæring for vaksne etter opplæringslova, samfunnskunnskap, livsmeistring og arbeidsliv i Herøy kommune. Avdelinga er lokalisert ved gamle Bergsøy skule "Borga", og har for tida 15 tilsette. Vi treng å ha nokon vi kan ringe til ved sjukdom og behov for ekstraarbeid. Du må vere fleksibel nok til å kunne jobbe både dag, kveld og helg. Søknadsfrist er snarast, vi kontaktar aktuelle vikarar fortløpande.