Now hiring

Sjukehusprest/sjukehusdiakon/ tru- og livssynssamtalepartnar @ Helse Møre og Romsdal HF

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Helse Møre og Romsdal HF har ledig ei fast 80% stilling i preste- og samtaletenesta ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset! Vi søkjer ein medarbeidar med relevant utdanning, erfaring og kompetanse innan samtalar om tru, livssyn og eksistensielle spørsmål. Stillinga er open for søkjarar med ulik fagleg bakgrunn, og vi ønskjer særleg kompetanse innan å møte menneske i krevjande livssituasjonar, uavhengig av deira tru eller livssyn. Stillinga omfattar arbeid ved SNR Hjelset, i tillegg til psykisk helsevern og rustenestene i området.

Preste- og samtaletenesta er ei livssynsopen teneste som tilbyr samtalar og støtte til pasientar, pårørande og ansatte, uavhengig av religion, tru eller livssyn. Tenesta skal vere ein trygg samtalepartnar i møte med sjukdom, kriser, sorg og andre eksistensielle utfordringar. Tenesta har i dag fire sjukehusprestar og éin sjukehusdiakon, som til saman utgjer 3 årsverk i Helse Møre og Romsdal. Av desse er 1,2 årsverk sette av til å dekkje tenesteområdet ved SNR Hjelset. Som del av fagmiljøet vil du delta i digital kollegarettleiing kvar veke.

Vi gjennomfører også faste fagdagar kvart semester. Preste- og samtaletenesta arbeider aktivt for å styrkje den faglege kompetansen til medarbeidarane og legg til rette for relevant vidareutdanning og kurs. Tenesta arbeider med fleire prosjekt som på sikt kan gi grunnlag for ein mellombels auke i stillingsprosenten. Ei eventuell auke vil vere avhengig av den vidare utviklinga i prosjekta og tilgjengeleg finansiering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores