Now hiring

Fast stilling som førstekonsulent i dokumentasjonseininga i forvaltingsseksjonen @ KULTUR- OG LIKESTILLINGSDEPARTEMENTET

NO081, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein engasjert og utviklingsorientert førstekonsulent til dokumentasjonseininga i forvaltingsseksjonen. Seksjonen har ansvar for sikkerheit og beredskap, informasjonsforvalting og utvikling og drift av departementet si arkiv- og dokumentforvalting. I tillegg koordinerer seksjonen departementet sitt arbeid med digitalisering og teknologiutvikling. Som førstekonsulent i dokumentasjonseininga vil du få innsikt i korleis eit departement arbeider, og bidra til at viktig dokumentasjon og informasjon blir forvalta korrekt, sikkert og på ein tilgjengeleg måte.

Du vil jobbe tett med fagmiljøa og brukarane og få erfaring med både løpande oppgåver og utviklingsarbeid. Departementsfellesskapet skal gjennomføre større organisatoriske endringar. Frå våren 2027 skal fagområdet informasjonsforvalting overførast til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO) frå KUD. Stillinga er knytt til oppgåver som skal overførast, og den som blir tilsett, må derfor pårekne overgang til DIO.

Stillinga passar både for deg som er nyutdanna, og for deg som har nokre års relevant erfaring. Arbeidsoppgåver Du vil mellom anna utføre løpande oppgåver i arkiv- og dokumentforvalting registrere, kontrollere og kvalitetssikre dokumentasjon i saks- og arkivsystemet til departementet gi brukarstøtte og rettleiing til tilsette bidra til opplæring, rutineutvikling og dokumentasjon bidra til at informasjons- og dokumentasjonsforvaltinga skjer i tråd med gjeldande regelverk samarbeide med DIO, andre departement og leverandørar om behov Kvalifikasjonar Du må ha: relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule.

Relevant arbeidserfaring med arkiv- og dokumentasjonsforvalting kan kompensere for delar av utdanningskravet god digital kompetanse og interesse for digitale arbeidsverktøy god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Det er en fordel om du har erfaring med ACOS WebSak eller andre saks- og arkivsystem kjennskap til eller erfaring frå offentleg forvalting erfaring med brukarstøtte, rettleiing og opplæring Vi søkjer deg som arbeider strukturert og nøyaktig tek ansvar for eigne oppgåver samarbeider godt med andre har ei god serviceinnstilling er lærevillig og utviklingsorientert bidreg positivt til arbeidsmiljøet Vi vil leggje stor vekt på om du er personleg eigna.

Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga. Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.

Last opp attestar og vitnemål når du søkjer. Om du har fullført høgare utdanning utanfor Noreg, må utdanninga vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.

Vi tilbyr innplassering som 1408 førstekonsulent med ei brutto årslønn på 580 000 til 650 000 kroner medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring Inkluderande arbeidsliv og mangfald Vi meiner at mangfald er ein styrke.

Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen . Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Offentleg søkarliste og kontakt Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med Kontorsjef Ida Tobro på e-post: [email protected] Om arbeidsgiveren: Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltinga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no , og her kan du lese meir om å jobbe i KUD .

Skills

ACOS WebSak

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores