Now hiring

Sekretariatsmedarbeidar @ KULTUR- OG LIKESTILLINGSDEPARTEMENTET

Oslo, NO081, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Regjeringa skal opprette eit offentleg utval som skal vurdere korleis dei medieøkonomiske verkemidla samla kan bidra til å nå dei mediepolitiske måla. Det inkluderer vurdering av dei direkte mediestøtteordningane, meirverdiavgiftsfritak for aviser og tidsskrift og kjøp av avisdistribusjon i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for eigen distribusjon. Utvalet skal innan 1. november 2028 levere ei norsk offentleg utgreiing (NOU) som mellom anna beskriv relevante utviklingstrekk og korleis desse påverkar rammene til dei redaktørstyrte media.

Utvalet skal evaluere dei eksisterande direkte mediestøtteordningane og vurdere kva mellom anna endringar i teknologi, distribusjon, marknadsforhold og mediebruk har å seie for korleis ordningane er innretta, og kor treffsikre dei er. Utvalet skal ha eit sekretariat, som formelt blir tilknytt Kultur- og likestillingsdepartementet, men skal rapportere direkte til leiaren for utvalet. Sekretariatet skal i utgangspunktet bestå av tre årsverk. I tillegg vil ein administrativ ressurs frå Kultur- og likestillingsdepartementet hjelpe sekretariatet.

Stillinga er eit engasjement i 100 prosent stilling med oppstart så snart som mogleg. Engasjementet varer i inntil to år. Vi gjer merksam på at utlysinga for stillinga som sekretariatsleiar òg ligg ute, og aktuelle kandidatar er velkomne til å søkje på begge stillingane.

Arbeidsoppgåver Sekretariatet skal hjelpe utvalet administrativt og fagleg, mellom anna med å hente inn relevant kunnskapsgrunnlag og forsking, førebu utvalsmøte og møte i utvalet si referansegruppe, utarbeide diskusjons- og vegvalsnotat og skrive sjølve utgreiinga. Kvalifikasjonar Du må ha: høgare utdanning på master-/hovudfagsnivå som er relevant for utvalsarbeid minimum to års erfaring som er relevant for stillinga svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Det vil vere ein fordel med mediefagleg, økonomisk eller juridisk kompetanse erfaring frå utgreiingsarbeid eller forsking god forståing for forholdet mellom politikk og forvalting Vi legg vekt på personlege eigenskapar og søkjer deg som er sjølvstendig, med gode evner til strategisk og analytisk tenking har stor gjennomføringsevne og trivst med å koordinere og gjennomføre større, komplekse arbeid har stor arbeidskapasitet er initiativrik og utviklingsorientert kommuniserer og samarbeider godt med andre Stillinga og lønn Stillinga er plassert i stillingskode 1434 rådgivar eller 1364 seniorrådgivar.

Lønna er frå 620 000 – 730 000 kroner brutto per år som rådgivar eller 680 000 – 890 000 kroner brutto per år som seniorrådgivar. For å bli vurdert som seniorrådgivar må du mellom anna ha minimum fem års erfaring som er relevant for stillinga. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt med høgare lønn.

Som tilsett i Kultur- og likestillingsdepartementet har du fleksibel arbeidstid, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Arbeidsplass for sekretariatet vil vere i Oslo.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen . Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Offentleg søkarliste og kontakt Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord. Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Øyvind Christensen, på e-post: [email protected] eller på tlf: 907 95 192. Om arbeidsgiveren: Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på 5 avdelingar og 1 kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores