About this role
Ønsker du ein varierande og spennande arbeidskvardag? Nå har me ledig heile 10 stillingar på helg. Nokon studentar har flytta og sagt opp og så har me i tillegg oppretta nokon nye stillingar på helg i forbindelse med ny årsturnus for 2027.
Heimetjenesta i Midt-Telemark er ei avdeling inndelt i 3 soner, Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har me team som skal jobbe målretta med «kva er viktig for deg» som pasient i ulike fagfelt som demens, sår, kreft, innsatsteam og sjukepleiar-prosedyrar. Innsatsteamet hjelper pasientar som i periodar treng meir oppfølging for å klare seg mest mogleg sjølve. Me samarbeider på tvers av sonane og fleire ansatte arbeidar i fleire soner.
I tillegg til å gje tenestar i private heimar på bygda har me også ansvar for omsorgsbustadar.
- Arbeidsoppgåver Helsetenester og oppfylging av pasientar Samarbeid med pårørande Dokumentasjon Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg, minimum B1 nivå Førerkort klasse B Ønska kompetanse Helsefagarbeider Erfaring frå helseteneste God kjennskap til bruk av pc/nettbrett/mobil som verktøy, jf. dokumentasjonsplikt Særskilde krav Krav om politiattest, jf.
- Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4, . Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Personlege eigenskapar Har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Du må ha godt humør og inneha ein positiv innstilling samt tolmodige til å kunne tole psykiske og fysiske krevjande utfordringar Evne til å ivareta og bidra til eit god arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vektleggast Vi tilbyr E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
KontaktinformasjonElisabeth Josefsen-Reisjå, Avdelingsleiar, +47 99358302 ArbeidsstadGamleveg 46 3802 Bø i Telemark Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5196959205 Stillingsprosent: 22% Fast Søknadsfrist: 30.11.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv.
Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.