About this role
Er du sjukepleiar og ønskjer å tenkje nytt? Då ønskjer vi deg med på laget! I heimetenesta arbeider ein både ute i private bustader og inne i omsorgsbustader. Heimetenesta i Midt-Telemark er organisert i tre soner: Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har vi team som arbeider målretta med «kva er viktig for deg» som pasient, innan ulike fagområde som demens, sår, kreft, innsatsteam og sjukepleiarprosedyrar. Innsatsteamet følgjer opp pasientar som i periodar treng tettare oppfølging for å kunne meistre kvardagen mest mogleg sjølve. Vi samarbeider på tvers av sonene, og fleire tilsette arbeider i fleire soner. I tillegg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, kan vi by på stor takhøgd for ulike meiningar og mykje humor i kvardagen. Vi kastar oss ut i prosjekt som kan bidra til å gjere oss til den beste heimetenesta – både for tilsette og pasientar. Vi ønskjer medarbeidarar som kjem med forslag til nye løysingar og som tør å prøve noko nytt. Avdelinga har årsturnus, der du i stor grad kan vere med og påverke din eigen turnus. Arbeidsoppgåver Sjukepleiarprosedyrar. Helsetenester og oppfylging av pasientar Samarbeid med pårørande Samarbeid med andre aktørar som lege, ergoterapeut, fysioterapeut og tenestekontor Dokumentasjon Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg Førerkort klasse B Ønska kompetanse Erfaring frå helseteneste God kjennskap til bruk av data som verktøy, jf. dokumentasjonsplikt Erfaring og praktiske ferdigheter med sjukepleiarprosedyrar. Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar Interesse for å utføre sjukepleiarprosedyrar Har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Er strukturerte og løysningsorientera Du må ha godt humør og inneha ein positiv innstilling samt tolmodige til å kunne tole psykiske og fysiske krevjande utfordringar Evne til å ivareta og bidra til eit god arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonElisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302 ArbeidsstadGamleveg 46 3802 Bø i Telemark Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5149296614 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.08.2026 Sluttdato: 30.04.2027 Søknadsfrist: 06.07.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.