About this role
Bø Sjukeheim avdeling Jønneberg/Vihus og Løvlund søker etter merkantil konsulent i fast 100% dagtid. Bø Sjukeheim ligg sentralt til i Bø sentrum. Her er det både somatisk lang-og korttidsavdeling samt avdeling for personer med demens.
Me søker etter deg som er ansvarsfull, engasjert og som møter alle mennesker med respekt. Hos oss jobbar du med kollegaer som er imøtekommande og som er opptatt av å skape eit godt arbeidsmiljø.
- Arbeidsoppgåver Bistå med administrativ oppfølging av bemanning og innleige ved fråvær Vere administrativ støtte for tilsette på sjukeheimen Bistå med møteplanlegging og organisering av kurs og fagtid Følge opp bestillinger, innkjøp og leveranser Ha ansvar for å vedlikeholde, oppdatere og kvalitetssikre administrative oversikter og lister Utarbeide brev, referater, oversikter og rapporter ved behov Andre merkantile og administrative oppgåver etter behov Kvalifikasjonar Ønska kvalifikasjonar/kompetanse Fagbrev eller annan relevant utdanning innan administrasjon, kontor- og administrasjonsfag, service og administrasjon eller tilsvarande Relevant og dokumentert erfaring frå administrative og merkantile arbeidsoppgåver kan kompensere for manglande formell utdanning.
- God digital kompetanse og erfaring med bruk av administrative system.
- Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.
Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar Du er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt.
- Du har god evne til å planleggje, prioritere og følgje opp oppgåver.
- Du arbeider sjølvstendig, men samarbeider godt med andre.
- Du er serviceinnstilt og har gode kommunikasjonsevner.
- Du handterer periodar med høgt arbeidstempo og endringar på ein god måte.
- Du er løysingsorientert, fleksibel og tek initiativ ved behov.
- Du viser integritet og handterer konfidensiell informasjon på ein trygg måte.
- Personlige eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Gratis parkering Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
KontaktinformasjonLeslie Katrien Vicky Van Der Voorde, Avdelingsleiar Løvlund, 48126707 Tone Heimdal Veting, Avdelingsleiar Jønneberg/Vihus, +47 92255565 ArbeidsstadGamleveg 43 3802 Bø i Telemark Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5206137297 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 07.12.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv.
Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.