Now hiring

Sjukepleiar @ BØ SJUKEHEIM

NO094, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bruke kompetansen din der den verkeleg betyr noko? Ynskjer du å jobbe i eit miljø der både humor og profesjonalitet får plass? Då ynskjer me deg velkommen som sjukepleiar hos oss! Bø sjukeheim, avdeling Jønneberg og Vihus har ledig 100 % stilling som sjukepleiar med langvakter kvar 4. helg. I løpet av dei 12,5 timane er det lagt opp til to pauser à tre kvarter. Me har årsturnus der ein har moglegheit til å påverke eigen arbeidsplan og dette skapar forutsigbarhet. Jønneberg og Vihus er lokalisert i andre etasje på sjukeheimen som ligg sentralt til i Bø sentrum. Per i dag driftar me 3 avdelingar, 2 langtidsavdelingar og 1 korttidsavdeling. Totalt er det 23 rom. Me søker etter deg som er ansvarsfull, engasjert og som møter alle mennesker med respekt. Hos oss jobbar du med kollegaer som er imøtekommande og som er opptatt av å skape eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver Utøva sjukepleiefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav Pasientvurdering og oppfølging Medikamenthåndtering Pleie og omsorg Behandling og rehabilitering Legevisitt Tverrfaglig samarbeid Ansvarsvakt Kvalitetssikring og fagutvikling Veiledning av kollegaer, sjukepleiestudentar og pårørande Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar Du må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg, minimum B2 nivå Ønska kompetanse Erfaring frå eldreomsorg Kjennskap til Profil EPJ God kjennskap til bruk av data som verktøy, jf. dokumentasjonsplikt Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar Være opptatt av fagleg kvalitet og utvikling Sjølvstendig og ansvarfull Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner Strukturert, løsningsorientert og positiv Evne til å ivareta og bidra til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vil tilleggast stor vekt ved ansettelse Vi tilbyr Avsatt tid til fagleg utvikling med både eigne og felles fagdagar Årsturnus Moglegheit for kurs og videreutdanning Internundervisning Mentorordning ved nytilsetting Jevnlige møtepunkt; personalmøter og sjukepleiarmøter Fagleiar i 90% stilling som jobber med fagutvikling og koordinering Institusjonslege i 100% stilling med visitt for avdelinga to gonger i veka E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Gratis parkering Kantine Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju. KontaktinformasjonTone Heimdal Veting, Avdelingsleiar, +47 92255565 ArbeidsstadGamleveg 43 3802 Bø i Telemark Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5168499205 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 21.09.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores