About this role
- Vi søkjer ein autorisert helsesekretær eller bioingeniør i 80 % fast stilling.
Hva vi ser etter Er autorisert helsesekretær eller bioingeniør Har erfaring frå legekontor og/eller laboratoriearbeid Er serviceinnstilt og møter pasientar med respekt og omtanke Er ein positiv lagspelar som trivst med tverrfagleg samarbeid Har interesse for fagutvikling og kvalitetsforbetring Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Arbeidsoppgaver Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna: Laboratoriearbeid og prøvetaking Mottak og oppfølging av pasientar Assistering ved undersøkingar og prosedyrar Administrative oppgåver ved legekontoret Bidrag til utvikling av gode pasientforløp og arbeidsprosessar Vi tilbyr Eit variert og spennande arbeid i ein travel og viktig del av helsetenesta Dyktige og trivelege kollegaer Eit sterkt tverrfagleg miljø med fokus på samarbeid og utvikling Gode moglegheiter for fagleg vekst Løn etter Hovudtariffavtala Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP IA-bedrift Om arbeidsgiveren: Seljord kommune Seljord er ein naturskjønn aktivitetskommune i hjartet av Telemark med om lag 3000 innbyggarar.
Her finn du eit rikt kulturliv, store arrangement gjennom året, gode friluftsmoglegheiter og eit levande lokalsamfunn. Kommunen er eit viktig handels- og trafikknutepunkt i regionen, og tilbyr gode tenester innan oppvekst, kultur og helse. Seljord helsesenter Seljord helsesenter er eit veldrive kommunalt helsesenter med seks fastlegar og to LIS1-legar. Legevakt, helsestasjon, fysioterapi, ergoterapi og psykisk helse og rus er samla i avdelinga.
Dette gir eit spennande og tverrfagleg arbeidsmiljø med korte avstandar mellom fagmiljøa. Hos oss arbeider helsesekretærar, bioingniør, sjukepleiarar, legar og andre helseprofesjonar tett saman. Vi legg vekt på samarbeid, fagutvikling og å skape gode tenester for innbyggjarane våre.