About this role
gongs utlysing. Ledig 50-100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar til vårt tverrfaglege team innan psykisk helse og rus. Hva vi ser etter Vi søkjer ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar / vernepleiar til vårt tverrfaglege team innan psykisk helse og rus i eit vikariat. Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du bidreg til auka meistring, livskvalitet og inkludering for menneske som treng støtte i kvardagen. Ønskede kvalifikasjoner: Bachelor som sjukepleiar eller vernepleiar. Erfaring frå psykisk helsearbeid og/eller rusfeltet er ein fordel. Gode ferdigheiter i tverrfagleg samarbeid. Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og relasjonsorientert. Digital kompetanse. Førarkort klasse B. Arbeidsoppgaver Arbeidsoppgåver: Oppfølging av vaksne med langvarige og samansette psykiske helse- og rusutfordringar. Kartlegging, tiltaksplanlegging og dokumentasjon. Miljøarbeid, praktisk bistand og individuelle samtalar. Samhandling med fastlege, Nav, spesialisthelseteneste og pårørande. Rettleiing og motiveringsarbeid. Vi tilbyr · Ein meiningsfull jobb med stor påverknadskraft. · Eit inkluderande arbeidsmiljø med stort fokus på tverrfagleg arbeid og samarbeid. · Løn etter hovudtariffavtalen. · Pensjon via KLP/SPK · IA-bedrift Om arbeidsgiveren: Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, bibliotek og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt. Avdelinga er ein del av Helseavdelinga i Seljord. Den ligg i same bygg som dagsenteret for tilrettelagte tenester på Heddeli. Me er sju medadbeidarar som jobbar i avdelinga, men den eine er i permisjon frem til 1.4.27