Now hiring

Lærar i realfag @ SLÅTTHAUG VIDEREGÅENDE SKOLE

Nesttun, NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og forme framtida til ungdom gjennom praktisk og relevant opplæring? Slåtthaug vidaregåande skule ligg sentralt til ved Nesttun, med gode kollektivtilbod og flotte fasilitetar i nærmiljøet. Skulen har om lag 500 elevar fordelt på BA, EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse.På Slåtthaug møter du eit inkluderande fellesskap med engasjerte elevar og dyktige medarbeidarar. Vi er stolte av eit læringsmiljø der alle utdanningsvegar blir verdsette, og der vi saman arbeider for tryggleik, meistring og fagleg utvikling. Hos oss skal elevane oppleve aktiv læring, høge forventningar og støtte til å nå sitt potensial.

Ønskelig oppstart er 04.januar.

  • ArbeidsoppgåverUndervisning i matematikk og naturfag for yrkesfagelever.
  • Kvalifikasjonar Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse i tråd med gjeldande krav til undervisningsstillingar.
  • Erfaring frå undervisning i vidaregåande opplæring er ein fordel.
  • Svært god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne.
  • God digital kompetanse og interesse for å ta i bruk KI og andre digitale verktøy i undervisninga.
  • Erfaring med heilskapleg vurderingspraksis, tilpassa opplæring og arbeid i eit mangfaldig læringsmiljø.
  • Tydleg og trygg klasseleiing, med evne til å skape gode relasjonar og eit inkluderande læringsmiljø.
  • Personlege eigenskapar Trygg og tydeleg klasseleiar med positivt elevsyn og evne til å skape gode relasjonar Trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap og bidrar til eit godt arbeidsmiljø Du ser og tek omsyn til behova til den enkelte elev.
  • Kunne arbeide sjølvstendig og nøyaktig Erfaring med bruk av varierte undervisnings- og vurderingsformer Evne til å samarbeide, vere løysingsorientert og ha gode kommunikasjonsevner Utviklingsorientert Vere ein engasjert tilsett som arbeidar for heilskapen på skulen Vi tilbyr Ein moderne skule med eit aktivt og godt arbeidsmiljø Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i ein skule med mangfold og utvikling Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest KontaktinformasjonIngvill Rabben Dypevik, Rektor, +47 45043522 ArbeidsstadSlåtthaugvegen 134 5222 Nesttun Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5209685567 Stillingsprosent: 85% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 27.11.2026 Om arbeidsgiveren: Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet.

Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling.

Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores