Now hiring

Undervisningsstilling (vikariat) - norsk og samfunnskunnskap @ SLÅTTHAUG VIDEREGÅENDE SKOLE

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og forme framtida til ungdom gjennom praktisk og relevant opplæring? Slåtthaug vidaregåande skule ligg sentralt til ved Nesttun, med gode kollektivtilbod og flotte fasilitetar i nærmiljøet. Skulen har om lag 500 elevar fordelt på BA, EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse. På Slåtthaug møter du eit inkluderande fellesskap med engasjerte elevar og dyktige medarbeidarar. Vi er stolte av eit læringsmiljø der alle utdanningsvegar blir verdsette, og der vi saman arbeider for tryggleik, meistring og fagleg utvikling. Hos oss skal elevane oppleve aktiv læring, høge forventningar og støtte til å nå sitt potensial. Stillinga er i 60% frå 16.nov til 31.12 og 100% frå 01.01.2027 til 16.04.2027. Arbeidsoppgåver Undervisninga omfattar to klassar i norsk og éi undervisningsgruppe i samfunnskunnskap på Vg2 yrkesfag. Stillinga er på 60 % i perioden 16. november til 31. desember 2026, og blir utvida til 100 % frå 1. januar 2027 til 16. april 2027. Kvalifikasjonar Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse i tråd med gjeldande krav til undervisningsstillingar. Erfaring frå undervisning i vidaregåande opplæring er ein fordel. Svært god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne. God digital kompetanse og interesse for å ta i bruk KI og andre digitale verktøy i undervisninga. Erfaring med heilskapleg vurderingspraksis, tilpassa opplæring og arbeid i eit mangfaldig læringsmiljø. Tydleg og trygg klasseleiing, med evne til å skape gode relasjonar og eit inkluderande læringsmiljø. Personlege eigenskapar Du trivst i arbeid med ungdom og er ein trygg og tydeleg rollemodell. Du har ei positiv innstilling og byggjer gode relasjonar til elevar og kollegaer. Du ser og tek omsyn til behova til den enkelte elev. Du er ein god lagspelar som samarbeider godt med andre og delar kunnskapen din på ein raus måte. Du arbeider strukturert, systematisk og målretta. Vi tilbyrLøn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Tett kollegasamarbeid og god delingskultur Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskapKontaktinformasjonLisbeth Væhle Balchen, Konst. Avdelingsleiar for fellesfag, 95459871 Ingvill Rabben Dypevik, Rektor, 45043522 ArbeidsstadSlåtthaugvegen 134 5222 Nesttun Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5187215312 Stillingsprosent: 60% Vikar Startdato: 16.11.2026 Sluttdato: 16.04.2027 Søknadsfrist: 18.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores