Now hiring

Medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Klinikk for hovud- hals @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

Bergen, NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Bemanningssenteret har ein stor gruppe med helsepersonell tilsett, våre tilsette jobbar ved ulike avdelingar på sjukehuset. Vi søker etter medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Klinikk for hovud-hals, Øyre-nase-halsavedlinga.

Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret i Helse Bergen, men vil gå vakter ved Øyre-nase-halsavedlinga Arbeidstid: torsdagar frå kl 16:00 til 20:00 ved behov. Øyre-nase-hals poliklinikken betener ei svært variert pasientgruppe. Vårt fag inkluderer mange av dei vanlegaste helseplager som finst ute i samfunnet. Det kan vere alt frå biholeplagar, mandlar og polyppar til snorking, håse stemmer, kremting og hoste. Mange har erfart plagar med svimmelheit, øyresus, allergi og tørr munn, eller naseblødingar, skadar og klumpar i hovud-/halsområdet. Dette greier vi ut.

  • Hovudoppgåva vil vere preoperativ klargjering av barn som ventar på operasjon ved Øyre-nase-halsavdelinga.
  • Arbeidet vil i hovudsak bestå av telefonkonsultasjonar med føresette/pasient, gjennomgang av sjukehistorie og aktuell indikasjon for operasjon, samt informasjon om inngrepet og praktiske forhold før operasjon, mellom anna fastereglar og medikamentbruk.
  • Arbeidsoppgåver Telefonkonsultasjonar med føresette/pasient Preoperativ klargjering av barn som ventar på operasjon gjennom telefonkonsultasjon med føresette gjennomgang av sjukehistorie og av nødvendig informasjon før operasjon Ein blir tilkalla ved behov Kvalifikasjonar Inneha godkjend studentlisens eller legelisens registrert hos helsepersonellregisteret Må vere under relevant medisinsk utdanning Ha grunnleggande IKT-kompetanse og kunnskap om EPJ og andre fagsystem Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande Personlege eigenskapar Pasientorientert Ansvarsbevisst Fleksibel Engasjert Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Må trivast i eit aktivt og travelt miljø Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.

Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonIngvild Øvstebø Engesæter, Seksjonsleiar hovud-hals, [email protected] Linda Greve Iversen, Seksjonsleiar Helsepersonell, Bemanningssenteret, [email protected] ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5210099758 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 30.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande.

Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores