Now hiring

Tilkallingsvikarar - reinhald @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

Bergen, NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Bemanningssenteret søker tilkallingsvikarar til oppdrag i Hospitaldrift Reinhald. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Hospitaldrift Reinhald. Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 750 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane. Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i sju seksjonar og har ca. 350 tilsette.

  • Hovudoppgåvene er regelmessig reinhald, hovudreingjering, smittevask og vask/reiing av senger.
  • I reinhaldsseksjonane våre vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig.
  • Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.
  • Tilkallingsvikarane våre vil kunne få opplæring i fleire einingar og vere ein viktig ressurs i sjukehuset si daglege drift.
  • Vi søker deg som likar variasjon i oppgåvene, og samtidig er god til å følge gjeldande rutinar for god kvalitet i arbeidet.
  • Hovudarbeidstida er 07-15, men vi har også mange vakter på ettermiddag/kveld med variabel start- og slutt tid.
  • Arbeidsoppgåver Arbeidoppgåver vil hovudsakleg vere utføring av regelmessig reinhald, smittevask samt andre reinhaldsoppgåver Vi treng vikarar både til dagvakter og seinvakter, kvardagar og helg Kvalifikasjonar Vi søker etter personar med interesse for og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget, til dømes gjennom arbeid ved helseinstitusjon, i hotell- og sørvisnæringa eller frå kurs- og konferansedrift Det vil bli stilt krav til gode norskkunnskapar Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er også av interesse Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene Personlege eigenskapar Sørvisinnstilt, fleksibel og kvalitetsbevisst Gode samarbeidsevner Kunne jobbe både i team og sjølvstendig Ansvarsbevisst, strukturert og punktleg Kunne utføre og trivast med eit arbeid som til tider kan vere fysisk krevande Vi tilbyr Løn i samsvar med gjeldande overreinskomst Kurs- og utviklingsmoglegheiter Bedriftsidrettslag Ein veldriven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.
  • Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonCathrine Fauske-Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5213321462 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 07.12.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores