Now hiring

Kantine- kafémedarbeidar @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

Bergen, NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du skape gode opplevingar gjennom mat og service? Kvar dag møter vi hundrevis av gjestar i våre kantinar og kafear ved Haukeland universitetssjukehus. For mange er måltidet eit viktig avbrekk i ein travel arbeidsdag, medan andre er på sjukehuset som pasient eller pårørande. Då betyr det ekstra mykje å bli møtt av medarbeidarar som ser menneska rundt seg og leverer god service med eit smil.

No har vi ledig ein 100% vikarstilling frå 4. januar 2027, eller etter avtale , til juni 2027 som kantine-/kafémedarbeidar ved Hospitaldrift Matforsyning Kafé. Vikariatet har moglegheit for forlenging og inngår i avdelinga si gjeldande turnusordning med arbeidstid pt kvar tredje helg og arbeidstid mellom kl. 07.00 og 19.00.

Det blir tatt atterhald om at turnus og arbeidstid kan bli endra.Vi søker ein fleksibel, sjølvstendig og ansvarsbevisst medarbeidar som trivst med kundekontakt, likar ein aktiv arbeidskvardag og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande team der kvalitet, matglede og service står i sentrum.

Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.Om ossHospitaldrift er ei avdeling med rundt 800 medarbeidarar fordelt på åtte einingar. Matforsyning har ca. 160 tilsette og forvaltar eit betydeleg driftsbudsjett. Vi arbeider målretta med kvalitet, matglede og vidareutvikling av konseptet “Mat som medisin”, som er eitt av føretaket sine strategiske satsingsområde. Eininga har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar.

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.

  • Arbeidsoppgåver Yte profesjonell service og kundebehandling Betening av kasse - betalingssystem Tillaging av både varm og kald mat Vareeksponering Reinhald, oppvask og rydding Anna forefallande arbeid etter behov Bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar Ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg på nivå med B2 eller tilsvarande.
  • Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumenterast Erfaring frå kantine- eller kafédrift og kundebehandling Vere serviceinnstilt og imøtekommande Ha kjennskap til IK-mat Vere løysingsorientert Over 18 år Taklar fysisk krevande arbeid Personlege eigenskapar Er kundevennleg, omgjengeleg og serviceinnstilt Har god orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team Evner til å sette seg inn i kundens ønsker og behov Er strukturert og nøyaktig Er fleksibel og kan arbeide i eit hektisk miljø Er fagleg interesse og engasjement Evner til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Vi tilbyr Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN" Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Eit aktivt bedriftsidrettslag Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.

Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonRené Kaser, Seksjonsleiar, 55974905 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5210036062 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 27.06.2027 Søknadsfrist: 06.12.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande.

Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores