About this role
Akuttgeriatri og infeksjon ønsker å tilsette sjukepleiarstudentar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar og medisinstudentar. Vi ønsker å bidra til å bygge di kunnskap og kompetanse ved at du blir fast tilsett på ein sengepost, samtidig som du ved behov også kan arbeide på andre postar. Vi har behov for assistentar frå januar/februrar og lyser ut tre faste helgestillingar på 15% med arbeid kvar tredje helg for deg som har pleieerfaring. Vi kan tilby opplæring og kompetanseutvikling innan det indremedisinske fagfeltet. Gjennom arbeid på ein av våre sengepostar vil du få moglegheit til å utvikle deg fagleg og tileigne deg kunnskap som kan vere nyttig vidare i arbeid ved klinikken. Arbeidsoppgåver Gi god omsorg for pasient og pårørande Stell og pleie , samt overvaking av pasientar Matservering Skylleromsarbeid Fastvakt Målinger (NEWS), 4AT, CFS, Trygg pleie etc.
- Kvalifikasjonar Meistre norsk skriftleg og munnleg Må ha relevant praksis frå helsesektoren, og gjerne sjukehuserfaring Kunnskap om Medisinsk teknisk utstyr og IKT system (Dips og Meona) Under helsefagleg utdanning Personlege eigenskapar Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel Gode kommunikasjonseevner Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp Du har motivasjon og interesse for fagfeltet Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Triveleg arbeidsmiljø Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) Fagleg og personleg utvikling Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.
Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKristin Fjæreide Myhre, Seksjonsleiar, 55971533, [email protected] ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5208834505 Stillingsprosent: 15% Fast Søknadsfrist: 30.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande.
Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.