Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar @ TENNFJORD BARNEHAGE

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til både skog, fjell og fjøre, som vi aktivt brukar gjennom heile året. Barnehagen har 97 barn og 33 tilsette, fordelt på seks basar. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, lang erfaring og stort engasjement. Vår visjon er: «Vi gjer kvarandre gode». Vi søker deg som er ein trygg og tydeleg vaksen, og som møter barn med omsorg, leik og engasjement. Du trivst med å vere aktiv saman med barna og tek del i kvardagen med initiativ og glede. Samstundes bidreg du til eit godt samarbeid i personalgruppa og til eit positivt arbeidsmiljø. Det er viktig at du både kan arbeide sjølvstendig og vere ein god lagspelar. Hos oss får du høve til å vere med og skape ein trygg og utviklande kvardag for barna.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med fokus på gode og heilskaplege tenester. Vi arbeider fleksibelt og på tvers for å sikre kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.

Vi håpar å høyre frå deg!

  • Arbeidsoppgåver Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa Bidra til at kvart enkelt barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga / basen, innanfor det gjeldane loveverket og rammene ein har blitt einige om Delta aktivt i barnehagen sitt endrings- og utviklingsarbeid Omsette teoretisk kunnskap til praksis og ta fagleg initiativ i det daglege arbeidet Gjennomføre systematisk observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande og vise forståing og respekt Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, og erfaring frå barnehage, men anna relevant kompetanse eller erfaring kan vurderast.
  • Levere godkjent politiattest av nyare dato Ha gode norskkunnskapar.
  • Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova §2 Personlege eigenskapar Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring Jobbe sjølvstendig Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidet Halde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass Jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus Vere ein aktiv, leiken, engasjert og trygg vaksen.
  • Vere ein god rollemodell vere ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar og gode referanser vil bli vektlagt.
  • Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju Vi tilbyr Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader Løn etter gjeldande tariff God pensjonsordning KontaktinformasjonGro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, [email protected] ArbeidsstedGjerdebakken 55 6265 Vatne Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Haram kommune Referansenr.: 5206534786 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 06.12.2026 Om arbeidsgiveren: Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar.

Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores