About this role
Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt gjennom heile året. Barnehagen har 83 barn og 24 tilsette fordelt på fem basar. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Visjonen vår er: "Vi gjer kvarandre gode". Vi søker deg som er aktiv, leiken, omsorgsfull og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du brennande engasjert i barn og ønsker å bidra til å gi dei ein god oppvekst ? Då håper vi at akkurat du skal søke på stillinga hos oss. Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode. Arbeidsoppgåver Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa Bidra til at kvart enkelt barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga / basen, innanfor det gjeldane loveverket og rammene ein har blitt einige om Delta aktivt i barnehagen sitt endrings- og utviklingsarbeid Omsette teoretisk kunnskap til praksis og ta fagleg initiativ i det daglege arbeidet Gjennomføre systematisk observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt Kvalifikasjonar Gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova §27 Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer Levere godkjent politiattest av nyare dato Personlege eigenskapar Vi søker deg som har evne til å: Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring Jobbe sjølvstendig Vere ein pådrivar i det praktiske arbeidet Halde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass og elles vere fagleg oppdatert Jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus Sette seg personlege mål og vere synleg i gruppa Vere ein aktiv, leiken, engasjert og trygg vaksen. Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar Halde tidsfristar, møte presis på jobb og vere klar når vakta startar Vere ein god rollemodell, ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar og gode referanser vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju Vi tilbyr Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader Løn etter gjeldande tariff God pensjonsordning Kontaktinformasjon Gro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, [email protected] Arbeidsstad Gjerdebakken 55 6265 Vatne Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5143707601 Stillingsprosent: 80% Vikar Startdato: 03.08.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 17.07.2026 Om arbeidsgiveren: Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen. Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.