About this role
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Vi har behov for ferievikar for LIS 1/ medisinstudent med lisens i perioden f.o.m uke 24 t.o.m uke 35. Det vil vere behov ved ulike seksjonar i Ålesund. Psykose sengepost Sunnmøre Døgnseksjon PHBU Molde og Ålesund Akutt psykisk helse Sunnmøre Alderpsykiatri Sunnmøre Allmennpsykiatri Sunnmøre Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov.
Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønsker å arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege, cand.med eller medisinstudent med lisens Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar Personlege eigenskapar Du er engasjert, fleksibel og har godt humør Du er serviceinnstilt og samarbeider godt med pasienter, pårørende og kollegaer Du ønskjer å bidra til å gi et godt tilbod til pasientane våre Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår For meir informasjon om vår region, sjå her KontaktinformasjonErik Sletten Helgesen, Seksjonsleiar, Psykose sengepost Sunnmøre, [email protected] Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, Døgnseksjon PHBU Molde og Ålesund, [email protected] Andreas Trædal, Seksjonsleiar, Akutt psykisk helse Sunnmøre, [email protected] Pamela Riise Loe, Seksjonsleiar, Alderspsykatri Sunnmøre, [email protected] Siri Charlotte Johnsen, Seksjonsleiar, Allmennpsykiatri Sunnmøre, [email protected] Eirik Harnes Giske, Seksjonsleiar, Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre, [email protected] ArbeidsstedÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5211032719 Stillingsprosent: 100% Ferievikar Søknadsfrist: 31.01.2027 Om arbeidsgiveren: Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal.
Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di."
Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no