Now hiring

Overlege hud og venerologi @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK

Ålesund, NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du hudlege med eit brennande engasjement for faget, samtidig som du har lyst å vere med å utvikle framtidas helseteneste for desse pasientane? Da ønsker vi å ha med nettopp DEG på med laget!

En av våre leger skal ha foreldrepermisjon. Hudpoliklinikken i Ålesund har derfor ledig vikariat i ett år for overlege i hud og venerologi fra 1. mars 2027. Annen startdato kan avtalast og forlengelse kan vere aktuelt.

Seksjonen jobber framtidsretta og ser m.a. på korleis teknologi kan hjelpe oss å utvikle tenestene våre. Vi har innført teledermatologi og behovsstyrt oppfølging av utvalgte pasientgrupper. Helse Møre og Romsdal HF har hudpoliklinikk både i Kristiansund og Ålesund med tilsaman 5 hjemlar for overlege innan hud og venerologi.Da vi opplever stor pågang av henvisningar, har vi behov for å opprettholde kapasiteten vår.Vi søker deg som ønsker ein variert og utfordrande kvardag i eit spennande fagfelt, og som vil vere med å utvikle hud og venerologi-faget saman med gode og engasjerte kollegaer.

Seksjonen er godkjent som utdanningsinstitusjon innan dermatologi. Vi har almenn dermatologi og utfører mindre hudkirurgiske inngrep. Seksjonen har ingen senger i sengepost, og har ikkje vaktberedskap.

  • Arbeidsoppgåver Utgreiing og behandling av alle typer hudsjukdommar Teledermatologi Interne tilsyn ved Ålesund sjukehus Veiledning av lege i spesialisering Kvalifikasjonar Godkjent norsk spesialitet innan hud og venerologiske sjukdommar Gode munnlege og skriftlege norsk kunnskapar Personlege eigenskapar Du har evne til å arbeide sjølvstendig Du har gode samarbeidsevner Du er ansvarsbevisst Du har gode kommunikasjonsevner Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø Du deler gjerne kunnskap med andre Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
  • Vi tilbyr Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver Eit godt arbeidsmiljø og gode moglegheiter for fagleg utvikling Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.

Les meir om Ålesund og omland her . KontaktinformasjonIda Grøtta Barstad, Seksjonsleiar, +47 70105458, [email protected] Christoffer Aam Ingvaldsen, Seksjonsoverlege, 41271030, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5212307850 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.03.2027 Sluttdato: 28.02.2028 Søknadsfrist: 13.12.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket.

Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling.

Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste.

Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores