Now hiring

Lege i spesialisering innan barne- og ungdomsmedisin @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK

Ålesund, NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig fast stilling som LIS 3 fra 13.01.27 og et vikariat for LIS 3 fra 01.04.27-31.03.28. Er du nysgjerrig på korleis det er å arbeide med barn, eller ønskjer du å styrkje kompetansen din innan barne- og ungdomsmedisin? Då har du no ei unik moglegheit til å bli kjend med barnemedisin i trygge og utviklande omgjevnader ved vår flotte avdeling. Vi legg stor vekt på trygg og forsvarleg spesialistutdanning. Som LIS får du delta på kurs etter utdanningsplan og høve til å vere med på nasjonale fagmøte innan barnemedisin.

Avdelinga har eit sterkt fagmiljø med omfattande forskingsaktivitet, og vi legg til rette for at du kan kombinere klinisk arbeid med forsking. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer. Avdeling for barnemedisin og habilitering har ansvar for barnemedisinske pasientar frå gestasjonsalder 26 veker og opp til 18 år i heile fylket. Vi har spesialistar innan alle dei barnemedisinske subspesialitetane. Avdelinga består av seks seksjonar og er lokalisert både i Ålesund og på Hjelset.

I Ålesund finn du sengepost for barn og ungdom, nyføddintensiv, dagbehandling, poliklinikk for barn og ungdom samt habiliteringseining. Verksemda er samla i eit eige bygg organisert som eit barnesenter, noko som gir eit tett og godt tverrfagleg samarbeid.Vi har tre vaktsjikt: primærvakt, generell bakvakt og tertiærvakt innan neonatologi. Primærvakta er for tida åttedelt, den generelle bakvakta er åttedelt, medan tertiærvakta innan nyføddmedisin er femdelt.

  • Vi ønskjer deg velkomen som søkjar!
  • Arbeidsoppgåver Delta i avdelinga si gjeldande vaktordning Delta i dagleg postarbeid og poliklinikk Kvalifikasjonar Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege Godkjent del 1 av spesialistutdanninga (LIS 1) eller turnusteneste etter gammal ordning LIS1 utan fullført LIS1 teneste kan også verte vurdert for tilsetting.
  • Alle læringsmål for LIS1 må då vere oppfylt før tiltredelse.
  • Mestre norsk språk, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du har gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
  • Vi tilbyr Eit triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Fokus på god spesialistutdanning Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

KontaktinformasjonChristine Vaksdal Nilsen, Seksjonsleder (lege), +47 70 16 76 45, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5208402093 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikariat Startdato: 13.01.2027 Søknadsfrist: 26.11.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell?

Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.

I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova.

Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores