About this role
Vi søkjer to sterilforsyningsteknikarar i 100 % vikariat. Ønskjer du å arbeide i eit fagmiljø der kvalitet, nøyaktigheit og ansvar står i sentrum? Vi ser etter deg som har auge for detaljar, arbeider strukturert og er oppteken av å levere arbeid av høg kvalitet. Hos oss er presisjon avgjerande, fordi arbeidet vi gjer er ein viktig føresetnad for trygg og god pasientbehandling. I sterilforsyninga har vi ansvar for at kirurgiske instrument og medisinsk utstyr blir desinfiserte, kontrollerte, pakka og steriliserte i tråd med strenge faglege standardar og krav til kvalitet, sporbarheit og pasientsikkerheit.
Vi er inne i ei spennande utvikling og skal byggje ein ny og moderne sterilsentral som etter planen står ferdig hausten 2027. Dei nye lokala vil gi gode og framtidsretta arbeidsforhold med moderne løysingar for logistikk, rein og urein sone, sluser og avansert teknologisk utstyr. Mellom anna blir det teke i bruk automatiserte løysingar som lagerrobot, noko som vil bidra til effektiv drift og høg kvalitet i arbeidet vårt. Satsinga legg til rette for å møte framtidige krav innan smittevern, pasientsikkerheit og sterilforsyning.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt og inkluderande fagmiljø med høg kompetanse og ambisjonar. Vi arbeider systematisk, deler kunnskap og støttar kvarandre for å sikre høg kvalitet i alle ledd og den beste behandlinga for pasientane våre.
- Arbeidsoppgåver Utføre desinfeksjon, kontroll, vedlikehald, pakking og sterilisering av kirurgisk utstyr, instrument ogfleksible skop i tråd med gjeldande krav Gjennomføre nøyaktig demontering og montering av ureint og reint utstyr frå operasjon Utføre systematisk kontroll, kvalitetssikring og funksjonstesting med høg grad av presisjon Sikre korrekt bruk av digitale sporingssystem for full sporbarheit og dokumentasjon Handtere maskiner og teknisk utstyr i samsvar med prosedyrer og krav til driftssikkerheit Arbeide strukturert og effektivt for å sikre rett leveranse til rett tid Oppretthalde orden, system og standard i seksjonen til ei kvar tid Gjennomføre rutinekontrollar av reingjerings- og steriliseringsprosessar Identifisere, melde og følgje opp avvik i tråd med gjeldande system Delta aktivt i kvalitetsarbeid og kontinuerleg forbetring Utføre tildelte oppgåver med høg grad av sjølvstende og ansvar Kvalifikasjonar Relevant helsefagleg utdanning (helsefagarbeidar eller tilsvarande) Fagskuleutdanning innan sterilforsyning, kirurgisk verksemd eller smittevern er ein fordel Erfaring frå sterilforsyning eller arbeid med medisinsk utstyr er ønskjeleg Generell god IT-kompetanse og teknisk forståing God forståing for kvalitet, sporbarheit og krav til dokumentasjon Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2 eller tilsvarande) Å vere personleg egna vert vektlagt ved tilsetting Ufaglærte med motivasjon for å ta utdanning innan sterilforsyning eller smittevern blir også oppmoda til å søkje.
- Seksjonen tilbyr strukturert og rettleidd opplæring gjennom eit eittårig opplæringsprogram med tett fagleg oppfølging.
- Personlege eigenskapar Du arbeider nøyaktig, strukturert og med høg grad av presisjon Du følgjer prosedyrar og krav utan å gå på kompromiss med kvalitet Du er komfortabel med bruk av moderne maskiner og digitale system Du tek ansvar for eigne oppgåver og leverer stabil kvalitet over tid Du tek ansvar for eigen læring og fagleg utvikling Du har interesse for kvalitetssikring og smittevern Du samarbeider godt med andre, og arbeider effektivt både i team og sjølvstendig Du handterer eit høgt arbeidstempo på ein kontrollert og føreseieleg måte Du er fysisk skikka til arbeidet, som inneber ståande arbeid og handtering av utstyr gjennom arbeidsdagen Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom positive haldningar og profesjonell framferd Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, og spesielt menn vert oppmoda til å søkje for å fremme kjønnsbalanse Vi tilbyr Ei sentral rolle i pasientsikkerheitsarbeidet ved sjukehuse Eit sterkt fagmiljø prega av kompetanse, kvalitet og samarbeid Strukturert og rettleidd opplæring gjennom eit eittårig opplæringsprogram med tett fagleg oppfølging Hospitering på operasjon Gode moglegheiter for vidareutdanning, inkludert fagskule i sterilforsyningsteknikk og smittevern Ein seksjon i utvikling, med ny og moderne sterilsentral planlagt ferdigstilt i 2027 Sterkt tverrfagleg samarbeid på tvers av fagmiljø Ein inkluderande arbeidsplass med fokus på samarbeid og gjensidig respekt Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning og gode forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonPeter Gjelsvik, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5204142561 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.03.2027 Sluttdato: 30.04.2027 Søknadsfrist: 25.11.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester.
Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt.
Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side.
Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal