Now hiring

Ferievikar 2027 - Vikar for LIS 1/ medisinstudent med lisens @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK

Ålesund, NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Ålesund sjukehus har behov for vikar for LIS1/ medisinstudent med lisens i perioden f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 34. Det vil vere behov ved desse seksjonane: Klinikk Ålesund sjukehus: Seksjon for kirurgiske legar Seksjon for medisinske legar Seksjon for ortopediske legar Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering: Seksjon for legar kreftavdelinga Informasjon til søkjaren: Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar blir du fordelt etter seksjonane sitt behov.

Dersom du har jobba for oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.

  • Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.

Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege, cand.med eller medisinstudent med lisens Må mestre norsk språk, skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er engasjert, fleksibel og har godt humør Du er serviceinnstilt og samarbeider godt med pasienter, pårørende og kollegaer Du ønskjer å bidra til å gi et godt tilbod til pasientane våre Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Høgt fagleg nivå Trivleg arbiedsmiljø Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar For meir informasjon om vår region, sjå her . KontaktinformasjonWenke Sødahl, Sekretær, Medisinske legar, [email protected] Inge Ødven, Rådgjevar, Kirurgiske legar, [email protected] Jørn Aaen, Seksjonsleiar (lege), Ortopediske legar, [email protected] Synnøve Haram Rotnes, Seksjonsleiar, Legar kreftavdelinga, [email protected] ArbeidsstedÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5209588223 Stillingsprosent: 100% Ferievikar Søknadsfrist: 31.01.2027 Om arbeidsgiveren: Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal.

Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di."

Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.

Les meir om oss på www.helse-mr.no

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores