About this role
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
SNR Hjelset treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2027. Vi treng sjukepleiarar, barnepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar, assistentar og studentar innan sjukepleie og medisin. Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 35: Sengepost Nevrologi og ortogeriatri SNR Sengepost Medisin 1 SNR (hematologi, kreft og palliasjon) Sengepost Medisin 2 SNR (gastro, indremedisin og lunge) Sengepost Medisin 3 SNR (infeksjon, geriatri og hjerte) Sengepost Kirurgi 1 SNR Sengepost Kirurgi 2 SNR Dagkirurgi SNR Dialyse SNR Akutt 24 SNR Føde og barsel SNR Akuttmottak SNR Informasjon til søkjaren: Tilsetjing vil skje fortløpande.
Som ferievikar vil du bli fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. I søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Du må rekne med å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar Helsefagleg utdanning/bakgrunn Må beherske norsk skriftleg og munnleg Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Personlege eigenskapar Du er engasjert, fleksibel og har godt humør Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer Fagleg interessert og lærevillig Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Trivst i ein aktiv og travel kvardag Vi tilbyr Høgt fagleg nivå Triveleg arbeidsmiljø Ein inkluderande arbeidsplass Løn i henhold til gjeldande overeinskomst 3. års sjukepleierstudentar, vil ut frå gjevne kriterium, få fordelaktige vilkår i samband med ferievikaravtalar For meir informasjon om vår region, sjå her . KontaktinformasjonSilje Ranvik Ohrvik, Seksjonsleiar, Akutt 24 SNR, [email protected] Bjørg Indbjør, Seksjonsleiar, Akuttmottak SNR, [email protected] Ingeborg Hjertvik, Seksjonsleiar, Føde og barsel SNR, [email protected] Ragnhild Vang, Seksjonsleiar, Dialyse SNR, [email protected] Ragnhild Steinsland, Seksjonsleiar, Sengepost Medisin 1 SNR, [email protected] Mathilde Stranden, Seksjonsleiar, Sengepost medisin 2 SNR, [email protected] Katrine Dalstein Myrvang, Seksjonsleiar, Sengepost Medisin 3 SNR, [email protected] Ann-Synnøve Stranden Klausen, Seksjonsleiar, Dagkirurgi SNR, [email protected] Cathrine Emilie Valgermo Forren, Konst. Seksjonsleiar, Sengepost Kirurgi 1 SNR, [email protected] Monika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, Nevrologi og ortogeriatri, [email protected] Anders Røstad, Konst.
Seksjonsleiar, Sengepost Kirurgi 2 SNR, [email protected] ArbeidsstedOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5209968063 Stillingsprosent: 100% Ferievikar Søknadsfrist: 31.01.2027 Om arbeidsgiveren: Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal.
Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di."
Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no