About this role
Vil DU i vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
- Avdeling for Radiologi SNR har behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 23 t.o.m. veke 40.
- Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande.
- Som ferievikar vil du bli fordelt etter klinikkane sine behov.
- Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din.
- Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide.
- Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
- Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som radiograf 2. eller 3. års radiografstudentar Må beherske norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er engasjert, fleksibel og har godt humør Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer Vi tilbyr Høgt fagleg nivå Triveleg arbeidsmiljø Ein inkluderande arbeidsplass Løn i henhold til gjeldande overeinskomst For meir informasjon vår region, sjå her og her . KontaktinformasjonEli Iren Sildnes, Seksjonsleder, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5209630920 Stillingsprosent: 100% Ferievikar Søknadsfrist: 31.01.2027 Om arbeidsgiveren: Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal.
Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di."
- Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden.
- Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest.
- Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
- Les meir om oss på www.helse-mr.no