About this role
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Det vil vere behov ved desse seksjonane: Kirurgiske legar Ortopediske leger Vi har behov for vikar for LIS1/ medisinstudent med lisens. Ortopediske leger har også behov for vikar for LIS3.
Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønsker å arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege, cand.med eller medisinstudent med lisens Må meistre norsk språk, skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er engasjert, fleksibel og har godt humør Du er serviceinnstilt og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Høgt fagleg nivå Trivleg arbiedsmiljø Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar For meir informasjon om vår region, sjå her . KontaktinformasjonSolfrid Snowball, Seksjonsleder, [email protected] Kirsti Sevaldsen, Seksjonsleder (lege), [email protected] ArbeidsstedOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5209654135 Stillingsprosent: 100% Ferievikar Søknadsfrist: 31.01.2027 Om arbeidsgiveren: Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal.
Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di."
Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden.
Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Les meir om oss på www.helse-mr.no