About this role
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast!
Avdeling for Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) treng ferievikarar sommaren 2027. Det er behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 26 t.o.m veke 33.
Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV. Kvalifikasjonar Fagbrev som kokk Relevant erfaring for assistent, det kan også kompensere for fagbrev som kokk Det er ønskeleg med erfaring frå storkjøkken Erfaring med IK-mat Det er ønskeleg med kunnskap om spesialkost Meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du tar inititativ og er ansvarleg Du jobbar strukturert og held orden Du har gode kommunikasjonsevner Du er opptatt av å yte god service Du jobbar godt både i team og aleine Du taklar stress og raske endringar i arbeidskvardagen Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø Vi tilbyr Høgt fagleg nivå Trivleg arbiedsmiljø Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar For meir informasjon om vår region sjå her KontaktinformasjonSiri-Mette Dragsund Hoff, Seksjonsleder, [email protected] ArbeidsstedVestmoa 27 6018 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5209975726 Stillingsprosent: 100% Ferievikar Søknadsfrist: 31.01.2027 Om arbeidsgiveren: Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal.
Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di."
Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no