Now hiring

Bioingeniør @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK

Ålesund, NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du jobbe i ei avdeling som er kjend for høg kvalitet, rask prøveflyt og eit godt arbeidsmiljø? Då oppmodar vi deg til å søkje jobb hos oss!

Ved Avdeling for patologi i Helse Møre og Romsdal HF har vi ledig ei fast 100 % stilling som bioingeniør på lab fra 01.02.2027. Blir det internt opprykk blir det ledig vikariat 100% stilling fram til 17.09.2026. Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på å byggje opp eit sterkt fagmiljø innan patologi, og bidra til ei framifrå helseteneste for pasientane våre. Avdelinga held til i Noregs vakraste by – Ålesund, og er organisert under Klinikk for diagnostikk, saman med andre laboratoriefag og bildediagnostikk. Avdelinga tek imot prøver frå både spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal. I 2024 svarte vi ut om lag 28 000 biopsiar, 20 000 cytologiprøver og gjennomførte 80 obduksjonar. Avdelinga har i dag tilsett bioingeniørar, legar og sekretærar, til saman 34,6 stillingar.

Vi tilbyr gode høve til fagleg utvikling. Ønskjeleg oppstart for bioingeniørstillinga er snarast, etter nærare avtale med avdelingssjef. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

  • Arbeidsoppgåver Arbeid på lab, evt histologisk og cytologisk lab. på Avdeling for patologi, HMR Kvalifikasjonar Offentlig godkjent bioingeniør med autorisasjon.
  • Relevant erfaring og kompetanse innan fagfeltet vert vektlagd.
  • Personlege eigenskapar Du er ein bioingeniør som er motivert for å bidra til utvikling av fagmiljøet i Møre og Romsdal, og som ønskjer å vere med på å skape ei framifrå helseteneste for pasientane våre.

Du har gode samarbeidsevne Du har evne til å arbeide sjølvstendig Du har stor arbeidskapasitet Du trivast i eit aktivt og tverrfagleg miljø Du bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vil verte vektlagd ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonHilde Guttormsen, Avdelingssjef, +47 70 10 66 37 ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5211330565 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.12.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell?

Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling.

Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side.

Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores