About this role
Fjord1 søker no ein dekkssjef til ei variert og attraktiv stilling med gode friperiodar og spennande utfordringar gjennom året. Som dekkssjef i denne stillinga får du arbeide både i fast sambandsdrift og på reserveferje. Frå om lag mai til og med september vil du vere fast disponert i sommarruta pt. i sambandet Jondal – Tørvikbygd. Resten av året vil du vere knytt til reserveferja, pt. MF Sogn, med base på Steinestø ferjekai, om lag 25 minutt nord for Bergen. Her vil du spele ei viktig rolle i å halde fartøyet driftsklart og bidra til stabil drift ved ekstra kapasitetsbehov, avløysingar og planlagde verkstadsopphald.
Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 4 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og ein 98-timars arbeidsveke. I vinterhalvåret får du dekka reiseutgifter mellom bustad og arbeidsstad når reiseavstanden er over 15 km. Ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg.
- Arbeidsoppgåver Overordna ansvar for sikker drift av skip, tydeleg og trygg leiar ovanfor mannskap.
- Ansvar for at fartøy driftast i henhald til styringssystem, lovar og forskrift.
- Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
- Andre oppgåver i samsvar med stillingsinstruks for dekkssjef.
- Kvalifikasjonar Minimum D3 ROC/GMDSS-sertifikat Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling Krise- og passasjerhandtering.
- Gyldig helseattest.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
- Personlege eigenskapar Vi ser etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team.
- Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet.
- Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.
- Vi tilbyr Konkurransedyktig lønn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår.
- Turnus: 2 veker på, og 4 veker fri, 98 timars arbeidsvekeveke.
- Vinterhalvåret får du dekka reiseutgifter mellom bustad og arbeidsstad når reiseavstanden er over 15 km.
- Ein bur om bord når ein er på vakt.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, [email protected] ArbeidsstedFv269 5108 5108 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5209915164 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.12.2026 Om arbeidsgiveren: Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette.
Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret. Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa.
No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald. Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.