About this role
På Eksingedalen oppveksttun får du unike moglegheiter! Kven er vi? Oppveksttunet har frå november 5 barn i barnehagen og 10 elevar frå 1. til 9. trinn. Her har du store undervisningsrom, nærleik til naturen, små elevgrupper, og ei støttande bygd som heiar på barnehagen og skulen sin.
Vi har ledig eit vikariat i 40 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå januar. Stillinga er for tida knytt til barnehagen, men det kan òg bli aktuelt med arbeid i skulen.
Er dette noko for deg? Ta kontakt med oss - vi fortel deg gjerne meir om alle prosjekta våre!
Vi ønsker å tilsette stabile, positive, velkvalifiserte medarbeidarar som har evne til å skapa gode relasjonar set barnet og eleven sitt beste i sentrum har gode samarbeidsevner er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar har godt humør Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi oppmodar menn til å søka.
Krav til kompetanse Godkjent som barne- og ungdomsarbeidar Søkarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte God munnleg og skriftleg framstilling Godkjent politiattest Vaksdal kommune kan tilby Gode pensjons- og forsikringsordningar Individuell oppfølging Gode moglegheitar for støtte til utdanning Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg Om arbeidsgiveren: Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag. Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge. Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 19/§ 17-11 i barnehagelova/opplæringslova fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.