Now hiring

Guide i Skipshelleren @ VAKSDAL KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Stillinga som guide i Skipshelleren på Stamnes er sesongbasert og omfattar formidling til skuleklassar i mai og juni kvart år. Arbeidet inneber mellom anna å fortelle om historia og kulturminneverdien til Skipshelleren og bidra til ei god oppleving for klassane. Stillinga har eit omfang på om lag 16 %, tilsvarande vanlegvis 1–2 dagar per veke i sesongen. Du kan i stor grad vere med og planlegge kva dagar du arbeider, i dialog med arbeidsgjevar og ut frå bestillingar og aktivitet. Vi ser etter deg som er interessert i lokalhistorie og kulturformidling, trivst med menneske og kan formidle på ein tydeleg og engasjerande måte. Opplæring i innhald og praktisk gjennomføring vert gitt. Arbeidsoppgåver Ta i mot skuleklassar og gjennomføre undervisningsopplegg om steinalderen. Formidle historia og kulturminneverdien til Skipshelleren på ein engasjerande og aldersretta måte. Førebu og rydde etter undervisningsopplegg, og bidra til at besøket vert gjennomført på ein trygg og god måte. Kvalifikasjonskrav Ønskeleg med pedagogisk utdanning eller relevant erfaring. Søkarar utan formell erfaring kan bli vurdert. God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Tenesta nyttar nynorsk. Trygg i bruk av digitale kommunikasjonsformer. Krav om politiattest. Personlege eigenskapar Er oppteken av formidling og trivst i lag med born og unge. Brenn for kulturarven og at den skal vere relevant for framtidas generasjonar. Er konstruktiv, kreativ og løysingsorientert. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vaksdal Kommune kan tilby Gode pensjons- og forsikringsordningar Individuell oppfølging Gode moglegheitar for støtte til utdanning Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg Om arbeidsgiveren: Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag. Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne. Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores