About this role
I Stryn kommune er reinhald meir enn ein jobb - det er ein viktig del av trivsel, helse og gode opplevingar for alle som brukar lokala våre. Vi søkjer etter reinhaldsoperatør/reinhaldar i 100% fast stilling, for reinhald av kommunale bygg i Stryn kommune, område Vikane. Arbeidsstad er i hovudsak Vikane omsorgssenter, men andre kommunale bygg i området kan også vere aktuelle. Arbeidstid er måndag til og med fredag, kl. 06.00-14.00. Arbeidstid kan eventuelt varierast etter oppsett turnusplan.
- ArbeidsoppgåverAlle daglege og periodiske reingjeringsoppgåver i kommunale bygg.
- Kvalifikasjonar Relevant erfaring God kunnskap i norsk, munnleg og skriftleg Førarkort for bil Ønskjeleg med fagbrev som reinhaldar Personlege eigenskapar God samarbeidsevne Kunne arbeide strukturert og sjølvstendig Fleksibel Påliteleg og serviceinnstilt Trivast med fysisk arbeid Vi tilbyr Variert arbeid Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving Løn etter tariff Tilsetting etter gjeldande lover og avtaler God pensjonsordning Nedskriving av studielån gjennom lånekassen si distriksordning, til ei kvar tid gjeldande reglar.
- For tida kr 25.000,- pr år for buande i Stryn kommune.
KontaktinformasjonKristina Dambrauskiene, Leiande reinhaldar, 92116079 ArbeidsstadDragesetvegen 50 6793 Innvik Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stryn Kommune Referansenr.: 5211739448 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.12.2026 Om arbeidsgiveren: Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning.
Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane. Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn