Now hiring

Reiselivskoordinator @ STRYN KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og utvikle reiselivet og forme framtidas besøksforvaltning i ein kommune med spektakulær natur, sterke lokalsamfunn og høge ambisjonar – og samtidig ha ei sentral, operativ rolle i gjennomføringa? Stryn kommune søkjer ein engasjert, fagleg sterk og tydeleg operativ reiselivskoordinator . Du vil få ei utviklande og koordinerande rolle for reiselivet i Stryn kommune. Du vil jobbe ute i felten i pressområder i høgsesong - “hands on”, og sjå til at turiststraumen fungerer godt. Reiselivsnæring i Stryn kommune i samarbeid med Nordfjord Havn tek i mot mange gjester som kjem med cruisebåtar til indre Nordfjord. Ein viktig del av jobben er å legge til rette for gode opplevingar også for desse. Utanom sesong, vil du ha kontorplass i administrasjonen i Stryn kommune og jobbe med besøksforvaltning og tilrettelegging for reiselivet. Stillinga ligg under eining for Samfunnsutvikling, og du vil arbeide i eit tverrfagleg miljø med dyktige kollegaer innan plan, byggesak, eigedom, næring og landbruk og i tett samarbeid med Nordfjord havn. På grunn av driftsbehov i høgsesongen (juni–august), må ferie i utgangspunktet planleggjast og avviklast utanfor desse månadane. Arbeidsoppgåver Handtering av cruiseturisme, inkludert informasjonsarbeid og logistikkoppgåver på kai ved cruiseanløp, og deltaking i planlegging/kontaktmøter med Nordfjord Havn Koordinere reiselivsaktørar for trygg trafikkavvikling Oppfølging og tilsyn av fellesgoder i pressområder - høgsesong Vere kontaktpunkt til bygdelag ifht reiselivsutvikling Følgje opp arbeidet med Merket for berekraftig reisemål, handlingsplan Produktutvikling – sti, utsiktsrydding, informasjon Prosjektoppfølging Andre diverse reiselivsrelaterte oppgåver Kvalifikasjonar Erfaring frå reiselivsnæringa Relevant utdanning frå høgskule eller universitet (td. reiseliv, friluftsliv, naturforvaltning, besøksforvaltning, planlegging, prosjektleiing) Kjennskap til relevant lovverk og offentleg forvaltning God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Moglegheit til å jobbe i høgsesong (sommar) Det er ønskjeleg med: Interesse for lokal samfunnsutvikling Erfaring frå naturbasert reiseliv og besøksforvaltning Erfaring frå saksbehandling i offentleg sektor Personlege eigenskapar Løysingsorientert, med god evne til å kommunisere Utadvendt og serviceinnstilt Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert Vi tilbyr Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver Eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø Gode moglegheiter for fagleg utvikling Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar Arbeidsstad i naturskjønne Stryn – der fjord møter fjell Nedskriving av studielån gjennom Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr 25.000,- for buande i Stryn kommune. KontaktinformasjonSiv Randi Berstad, Konst.avdelingsleiar berekraft og næring, [email protected] ArbeidsstadTonningsgata 4 6783 Stryn Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stryn Kommune Referansenr.: 5191279992 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.10.2026 Om arbeidsgiveren: Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane. Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores