Now hiring

Sjukepleiar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOP NORDMØRE/ROMSDAL DØGNSEKSJON HJELSET

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med på å forme framtida si akutteneste? Ønsker du å bruke heile bredda av kompetansen din? Vi søker nå etter engasjert sjukepleiar som vil vere med oss vidare - på eit heilt nytt akuttsjukehus! Akutt 24 er eit nytt konsept på SNR, der fagleghet, pasienttrygghet og tverrfagleg samarbeid står i sentrum. Målsettinga med akutt24 er gode og effektive pasientforløp der pasientane raskt diagnostiserast, behandlast og utskrivast uten innleggelse i ordinær sengepost. Seksjonen vil vere eit hurtigsjukehus i sjukehuset. Vi har i hovedsak øyeblikkelig hjelp behandling, men har også enkelte elektive pasientforløp. Seksjonen har totalt 19 pasientsenger, og har både medisinske og kirurgiske pasientar. Vi har pasientar innanfor følgjande fagområder: Kardiologi Indremedisin Nevrologi Kirurgi ØNH Ortopedi Gynekologi Øye Hos oss vil du ha moglegheit til å komme med innspill til eigen turnus.

Vi har arbeidshelg med langvakter kvar 4. helg. Vi har eit godt arbeidsmiljø, og du vil bli ein del av ei kunnskapsrik og engasjert personalgruppe. Vi har også stort fokus på fag og kompetanseheving, men faste fagdager i turnus og ukentlig internundervisning.

  • Arbeidsoppgåver Sjukepleie til akutt sjuke pasientar og elektive pasientforløp Sjukepleieadministrative oppgåver Legevisitt Legemiddelhåndtering Samarbeid med samhandlande avdelingar og primærhelsetjenesta Rettleiing av studentar og kollegaer Kvalifikasjonar Autorisert sjukepleiar Behersker norsk munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du er ansvarsbevisst og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team Du er endringsvillig, positiv og engasjert Du bidrar positivt i arbeidsmiljøet Du er motivert til å utføre varierte arbeidsoppgåver Du bidreg til fagleg utvikling og kontinuerlig forbetringsarbeid Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
  • Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv.

Les meir om Møre og Romsdal her . KontaktinformasjonSilje Ranvik Ohrvik, Seksjonsleiar, +47 92227110, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5204776527 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.12.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester.

Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt.

Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste.

Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget!

For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores