Now hiring

Helsefagarbeidar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOP NORDMØRE/ROMSDAL DØGNSEKSJON HJELSET

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å utvikle framtidas polikliniske tenester? Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar til prosjektstillinga «Rett kompetanse – betre pasientflyt». Prosjektet er eit samarbeid mellom Medisinsk poliklinikk og Kreftpoliklinikken ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset.

Stillinga gjeld for perioden 01.01.2027–31.08.2027. Målet med prosjektet er å styrkje pasientflyten, sikre rett bruk av kompetanse og utvikle meir effektive arbeidsprosessar på tvers av poliklinikkane. Som helsefagarbeidar vil du få ei sentral rolle i utprøving av nye arbeidsformer og arbeidsoppgåver. Du vil bidra til god koordinering av pasientforløp og vere ein aktiv deltakar i utviklings- og forbetringsarbeid. Stillinga passar for deg som er fagleg engasjert, trivst med samarbeid på tvers av fagmiljø og ønskjer å vere med på å forme framtidas helsetenester. Vi ser etter deg som er fleksibel, løysingsorientert og motivert for endrings- og forbetringsarbeid til beste for pasientane. Hos oss får du høve til å påverke, lære og bidra i eit spennande utviklingsarbeid i ein moderne sjukehuskvardag.

  • Arbeidsoppgåver Delta i planleggeing, gjennomføring og evaluering av prosjektet Bidra til kartlegging og forbedring av arbeidsprosessar Samarbeide tett med pasientar, pårørande og ulike faggrupper Utføre kliniske oppgåver i tråd med prosjektets mål Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsefagarbeidar Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ønskjeleg Interesse for fagutvikling og forbedringsarbeid Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig Personlege eigenskapar Du er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver Du er serviceinnstilt og oppteken av å hjelpe andre Du er sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø Du samarbeider godt med kollegaer Du er påliteleg og positiv i arbeidskvardagen Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
  • Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv.

Les meir om Møre og Romsdal her . KontaktinformasjonElin Kjønnø, Konst. seksjonsleiar, 92436070, [email protected] Ragnhild Bjerkås, Seksjonsleiar, 90594358, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5162573563 Stillingsprosent: 100% Engasjement Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 04.12.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket.

Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling.

Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort.

Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores