Now hiring

Tilsynsrådgjevar i Lom og Skjåk @ LOM KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

NO020, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og byggje opp eit nytt interkommunalt tilsynssamarbeid og bidra til ei berekraftig utvikling i Lom og Skjåk? Lom og Skjåk kommunar har etablert eit felles tilsynssamarbeid innan forureining og byggesak, og vi søkjer no ein rådgjevar i 100 % fast stilling. Dette er ei nyoppretta stilling der du får høve til å vere med frå starten og påverke korleis tilsynsarbeidet skal organiserast og utviklast i åra som kjem.

  • Gjennom arbeidet ditt skal du bidra til at kommunane tek vare på miljøet og sikrar at lover og reglar blir følgde.
  • Du vil arbeide med tilsyn etter forureiningsforskrifta og plan- og bygningslova, og du vil vere ein viktig ressurs for både innbyggjarar, næringsliv og kommunane.
  • Arbeidsoppgåvene dine Som tilsett i denne stillinga får du eit særleg ansvar for å utvikle og etablere tilsynsarbeidet innanfor forureiningsforskrifta.
  • Den fyrste tida skal du utarbeide tilsynsplan og rutinar, og finne arbeidsmåtar som legg grunnlaget for eit godt og langsiktig tilsynsarbeid i kommunane.
  • Arbeidsoppgåvene dine vil vidare vere å: planleggje, førebu, gjennomføre og rapportere tilsyn rettleie innbyggjarar, næringsdrivande og utbyggjarar om regelverk og god praksis samarbeide tett med fagområda VAR, byggesak, miljø og landbruk bistå med sakshandsaming ved behov.
  • Du vil få fagansvar for tilsynsarbeidet etter forureiningsforskrifta og plan- og byggesakslova.
  • Kvalifikasjonar Vi ønskjer at du har: relevant høgare utdanning innan tekniske fag eller miljøfag, eller teknisk fagskule.
  • Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg gode digitale ferdigheiter førarkort klasse B Vi legg stor vekt på personleg eignaheit og oppfordrar også nyutdanna til å søkje.
  • Vi ser etter deg som er fagleg trygg trivst i møte med menneske og kommuniserer godt med både innbyggjarar, næringsliv og kollegaer arbeider strukturert og sjølvstendig samarbeider godt med andre og finn gode løysingar har engasjement for å utvikle fagområdet ønskjer å vere med på å byggje opp det interkommunale tilsynssamarbeidet.

Stillinga inneber både kontorarbeid og arbeid ute i felt. Kontorstad vil i hovudsak vere kommunehuset i Lom. Fordi dette er eit nyetablert samarbeid, kan arbeidsoppgåver og organisering bli justerte i takt med erfaringar og vidare utvikling av tenesta.

Kvifor velje oss?

Hjå oss får du: ei sentral rolle i eit nytt interkommunalt samarbeid høve til å påverke utviklinga av fagområdet ein variert arbeidskvardag med både kontorarbeid og arbeid ute i felt eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving fleksibel arbeidstid konkurransedyktig løn gode pensjonsordningar Om arbeidsgiveren: Lom og Skjåk kommunar har til saman om lag 4 300 innbyggjarar og ligg midt i eit område kjend for storslått natur, levande bygder og eit variert næringsliv. Her finn du gode moglegheiter for friluftsliv året rundt, eit rikt organisasjons- og kulturliv og ein kvardag med kort veg til natur og fellesskap.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores