Now hiring

Lom kommune søkjar reinhaldar - 60% fast stilling @ LOM KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

NO020, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjar reinhaldar - 60% fast stilling Vil du bidra til reine, trygge og trivelege omgjevnader i Lom kommune? Søknadsfrist: 07.10.2026 Reinhald er ein viktig del av tenestene i kommunen og har mykje å seie for helse, trivsel og eit godt inneklima. Vi søkjer deg som er påliteleg, fleksibel og løysingsorientert, og som ønskjer å bidra til gode omgjevnader for alle som bruker bygga våre. Vi har ledig ei fast 60 % stilling som reinhaldar. Du blir ein del av tenesteområdet kommunal eigedom og får ein variert arbeidskvardag i dei kommunale bygga. Arbeidsoppgåver Du vil utføre reinhald i mellom anna skular, barnehagar og andre kommunale lokale. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: dagleg og periodisk reinhald og hovudreinhald etter gjeldande rutinar og kvalitetskrav bruk og vedlikehald av reinhaldsutstyr og -materiell bidra til eit godt inneklima og eit triveleg miljø for brukarar og tilsette Vi ser etter deg som arbeider sjølvstendig og strukturert er fleksibel, ansvarsbevisst og påliteleg samarbeider godt og bidreg positivt til arbeidsmiljøet møter kollegaer og brukarar på ein inkluderande og profesjonell måte er oppteken av kvalitet i arbeidet Kvalifikasjonar Fagbrev innan reinhald er ønskjeleg, men relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev. Du har grunnleggjande digital kompetanse og kan bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen. Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav. Det er krav om godkjend politiattest. Vi tilbyr ein variert og meiningsfull arbeidskvardag eit godt og inkluderande arbeidsmiljø moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk Om arbeidsgiveren: I Lom får du kombinere ein meiningsfull jobb med eit aktivt bygdeliv og storslått natur rett utanfor døra. Hjå oss blir du del av eit godt fagmiljø der du blir sett, får ansvar og har moglegheit til å påverke.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores